Sirdal Kyrkje
Kyrkjevalet 2015

Kyrkjevalet 2015

Publisert: 7. November 2014
I september 2015 er det Kyrkjeval, dvs val av nytt sokneråd og nytt bispedømeråd. Begge desse vala vil gå føre seg samstundes med kommunevalet. Det er enno ei god stund til september, men prosessen fram mot valet er allereie i gang.

Soknerådet har sett ned ein nominasjonskomite (Velaug Ådneram, Svein Hompland og Kent Seland) som skal utarbeide liste til soknerådsvalet i Sirdal sokn, og denne skal vere klar innan 1.mai. Soknerådet har ein svært sentral funksjon i arbeidet i lokalkyrkja, og ein vonar at dei som blir spurt om å stille til val vurderer det nøye, og aller helst let seg nominere. Det skal velgast 6 faste medlemer og 5 varamedlemer.

Det er naturlegvis også lov å melde seg sjølv om ein ikkje blir spurt. Det kan ein gjere ved å vende seg til kyrkjekontoret. Det er anledning til å stille alternativ liste, og også den må vere klar innan 1.mai.

Når det gjeld val på nytt bispedømeråd, vert kyrkjelydane oppmoda om å fremje forslag på kandidatar til nytt bispedømeråd, og også kandidat til nominasjonskomiteen for nytt bispedømeråd. Fristen for dette er 15.januar 2015. Innan same dato kan også kyrkjeleg tilsette fremje forslag på kandidat frå si yrkesgruppe til nytt bispedømeråd.

Det vil kome meir informasjon om Kyrkjevalet 2015 etterkvart.  

Dei som er interessert i å lese meir om Kyrkjevalet 2015, kan følgje denne linken: http://kirkevalg.no/event/doLink/famid/186591 

Bispedømmet har og laga ein sak om valet. Artikkelen finn du her: http://www.bd.kirken.no/agder/nyhet.cfm?nyhetid=420610

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)