Sirdal Kyrkje
Kyrkjevalet 2015

Kyrkjevalet 2015

Publisert: 23. Februar 2015
Mandag 14.september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, finn og Kyrkjevalet 2015 stad. Det skal veljast både nytt sokneråd i Sirdal, og nytt bispedømeråd i Agder og Telemark bispedøme.

Soknerådet sin nominasjonskomitè til soknerådsvalet er på plass med fylgjande samansetting: Svein Hompland (97 68 60 91), Velaug Ådneram (41 45 08 44) og Kent Henrik Seland (95 85 24 46).  Vallista skal vera klar til 1. mai.

Dersom du får spørsmål om å stå på lista, håpar me du tek utfordringa! Har du lyst å stilla til val eller har forslag til kandidatar, kan du kontakta eit av medlemene i nominasjonskomiteen eller kyrkjekontoret tlf. 38 37 16 00 eller e-post til post@sirdal.kyrkja.no 

Soknerådsvalet føregår som fleirtalsval eller som forholdstalsval dersom det føreligg fleire lister. Forslag til alternative vallister må vera soknerådet i hende innan 01.05.2015.  

Krav til lister:

  • skal vera levert leiar i valstyret seinast 1.mai
  • skal vera underskriven av minst 10 røysteføre forslagsstillarar.
  • skal oppgje tydeleg kva for val det gjeld - med namn på sokn samt valdagar.
  • namna på forslagsstillarane, og evt. gruppa sitt namn til overskrift før kandidatane sine namn.
  • skal angje ein tillitsvalt blant forslagsstillarane som valstyret kan venda seg til ved forhandlingar om listeforslaget.
  • alle kandidatar skal vera spurt på førehand - oppgitt med fullt namn og alder, og - i den grad det er ønskeleg eller nødvendig for å unngå forveksling - med adresse og yrke/stilling.
  • lista bør ha minst 40% representasjon av kvart kjønn blant dei føreslegne kandidatane på den enkelte lista.
  • lista skal setjast opp i prioritert rekkefølgje.
  • lista bør ha minst 20% representasjon av kandidatar under 30 år.

Alle kandidatlister må ha så mange ulike kandidatar som det skal veljast faste medlemmar (KL § 6, 1. ledd). Nominasjonskomiteen si liste skal ha minst så mange ulike kandidatar som det skal veljast faste medlemmar og varamedlemmar.  I Sirdal er det 6 medlemmar i soknerådet + 5 varamedlemmar.

Sirdal er ein eit-sokns kommune. Det betyr at soknerådet fungerer både som sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.

Oppgåvene til soknerådet: Soknerådet er eit styrings- og strategiorgan med ansvar for det kristelege livet i soknet. Av oppgåver kan nemnast: kyrkjeleg undervising (trusopplæring), diakoni, kyrkjemusikk, gudstenesteliv i samarbeid med soknepresten, barne- og ungdomsarbeid, rekruttering og organisering av friviljuge medarbeidarar, bestemma kven som skal få offer i kyrkjene,  avgje ulike uttalar - både til biskopen, bispedømmerådet, Kyrkjerådet og andre.  I tillegg kjem førebuing og gjennomføring av kyrkjeval, førebu og gje innstilling til saker som skal opp på soknemøtet.

Oppgåvene til fellesrådet: Fellsrådet skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeida mål og planar for den kyrkjelege verksemda og ivareta soknet sine interesser i høve til kommunen. Kyrkjeleg fellesråd er ansvarleg for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, anlegg, drift og forvalting av gravplassar, oppretting og nedlegging av stillingar som vert løna over fellesrådet sitt budsjett, drift av kyrkjekontor, lokalar, utstyr og materiell til konfirmasjonopplæringa. Fellesrådet føretek tilsetting av og har arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette som vert løna over fellesrådet sitt budsjett.  

Informasjon om kyrkjevalet finn du også på www.kyrkjevalet.no. Treng du fleire opplysningar, kan du kontakta kyrkjekontoret, tlf. 38 37 16 00 eller e-post til post@sirdal.kyrkja.no. 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)