Sirdal Kyrkje
Kyrkjelyden sin årsfest

Kyrkjelyden sin årsfest

Publisert: 18. Februar 2015
Vel møtt til kyrkjelyden sin årsfest sundag 15.mars kl 18.00 på Tjørhom grendehus.

Som seg hør og bør på ein årsfest, vil ein gå raskt gjennom kyrkjelydens årsrapport og rekneskap. I år har soknerådet valt å ha litt særleg fokus på trusopplæringa under årsfesten, sidan vi no er inne i ein viktig fase i oppbygging av trusopplæringa i kyrkjelyden. Difor vil vi bruke litt ekstra tid på dette.

Vi vil også nytte høvet til å tenke litt høgt saman kring kva som kan gjerast for å styrkje kyrkjelyden, særleg med tanke på Øvre Sirdal, og små og store idear kan skrivast ned på gule lappar medan vi èt kveldsmat. 

Blandakoret vil også i år synge, og Sigurd vil halde andakt. Det vil og vere høve til å gi ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. 

I samband med kveldsmaten, vil det og vere mogleg å ta ein kikk på bilder frå året som har gått. Kva har eigentleg skjedd dette året i kyrkjelyden?

Nytt av året er at vi har invitert humorolog Jakob Øyvind Reinertsen frå Farsund til å kåsere over temaet: "Varer vi lenger når vi ler?" 
I tillegg til at han vil dele nokre gode og tankevekkande refleksjonar kring kor viktig humor kan vere, kjem han og til å krydre det heile med gode historier. Tek vi ikkje mykje feil, vil nokon kvar få seg ein god latter undervegs.

Vel møtt til ein viktig kveld på Tjørhom 15.mars kl 18.00!

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)