Sirdal Kyrkje
Spennande kulturkveld på Sirdal Kulturhus

Spennande kulturkveld på Sirdal Kulturhus

Publisert: 2. Mars 2015
Vel møtt til ein interessant kulturkveld med historisk sus! Tysdag 10.mars kl 19.00 kjem leiar av Hauge-instituttet, Sigbjørn Ravnåsen, for å kåsere om temaet "Hans Nielsen Hauge - mannen som vekket Norge"

Sigbjørn Ravnåsen og kona Signe vil på ein engasjert måte gjere oss betre kjent med Hans Nielsen Hauge og Hauge-rørsla.

Hans Nielsen Hauge betydde svært mykje for både kyrkjeliv og samfunnsliv på byrjinga av 1800-talet, og spora etter Hauge er enno godt synlege mange stader i landet. Strikkande gjekk han - bokstaveleg tala - rundt i store deler av sør-Norge, og la grunnlaget for framveksten av både industriverksemd og lekmannsrørsla.

Sigbjørn Ravnåsen har i lang tid vore engasjert i å løfte fram betydninga Hans Nielsen Hauge har hatt for landet vårt, og kva arven etter Hauge kan bety i dag. Mellom anna har han i fleire år spelt hovudrolla i Hauge-spelet, og han har skreve bok om Hauges arbeidsetikk. Ravnåsen er ein god formidlar, etter mange år i skulen som både lærar og rektor.

Vi gler oss også til å høyre kantor Kjetil Øygard Eidevik som vil bidra med song. 

Det vert enkel serververing. Gratis inngong, kollekt. Vel møtt!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)