Sirdal Kyrkje
Kyrkjevalet 2015

Kyrkjevalet 2015

Publisert: 22. April 2015
Måndag 14.september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, finn og Kyrkjevalet 2015 stad. Det skal veljast både nytt sokneråd i Sirdal, og nytt bispedømeråd i Agder og Telemark bispedøme.

Soknerådsvalet føregår som fleirtalsval. I Sirdal skal det velgjast inn 6 medlemmar i soknerådet + 5 varamedlemmar.

Sirdal er ein eit-sokns kommune. Det betyr at soknerådet fungerer både som sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.

Oppgåvene til soknerådet: Soknerådet er eit styrings- og strategiorgan med ansvar for det kristelege livet i soknet. Av oppgåver kan nemnast: kyrkjeleg undervising (trusopplæring), diakoni, kyrkjemusikk, gudstenesteliv i samarbeid med soknepresten, barne- og ungdomsarbeid, rekruttering og organisering av friviljuge medarbeidarar, bestemma kven som skal få offer i kyrkjene,  avgje ulike uttalar - både til biskopen, bispedømmerådet, Kyrkjerådet og andre.  I tillegg kjem førebuing og gjennomføring av kyrkjeval, førebu og gje innstilling til saker som skal opp på soknemøtet.

Oppgåvene til fellesrådet: Fellsrådet skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeida mål og planar for den kyrkjelege verksemda og ivareta soknet sine interesser i høve til kommunen. Kyrkjeleg fellesråd er ansvarleg for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, anlegg, drift og forvalting av gravplassar, oppretting og nedlegging av stillingar som vert løna over fellesrådet sitt budsjett, drift av kyrkjekontor, lokalar, utstyr og materiell til konfirmasjonopplæringa. Fellesrådet føretek tilsetting av og har arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette som vert løna over fellesrådet sitt budsjett.  

Informasjon om kyrkjevalet finn du også på www.kyrkjevalet.no. Treng du fleire opplysningar, kan du kontakta kyrkjekontoret, tlf. 38 37 16 00 eller e-post til post@sirdal.kyrkja.no. 

Valet av nytt Bispedømeråd gjeng føre seg som foholdstalsval fordi det er to lister. Det skal velgjast inn fire leke representanter. I  tillegg skal dei nye sokneråda velgje inn tre representantar seinare i haust.
Her kan du sjå kandidatlistene til Bispedømerådsvalet: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/kandidatlister/Diocese/?id=971551151

Vel møtt til val!

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)