Sirdal Kyrkje
Naturlostur og friluftsgudsteneste

Naturlostur og friluftsgudsteneste

Publisert: 8. Mai 2015
Kristi himmelfartsdag, torsdag 14.mai, er du velkomen til Naturlostur frå P-plasssen ved Tonstad renseanlegg kl 10.00 og friluftsgudsteneste på Feed skiarena kl 11.00.
Gudstenesta vil altså finne stad på Feed Skiarena, og alle som har lyst til å kombinere gudstenesta med ein fin tur i naturen, kan møte på P-plassen ved Tonstad renseanlegg ein time før vanleg gudstenestetid. Herifra vil naturlos Steinar Tjomlid guide deltakarane opp til Feed skiarena på ein fin skogssti med litt stigning. Undervegs passerar ein små bekkar, og lyden av desse vil saman med fuglesong og synet av vakker natur syte for ei fin naturoppleving. 
 
Skogsstien egnar seg ikkje for barnevogn eller rullestol. Men alle er velkomne til gudstenesta! Dei som ikkje vil eller kan gå turen, kan køyre bil heilt opp til Feed.
Diakoniutvalet har dessutan organisert skyss for bebuarar på Sirdalsheimen, slik at alle som vil skal kunne få med seg denne dagen.
 
Gudstenesta er ved sokneprest Sigurd Flydal og kantor Kjetil Øygard Eidevik. På oppmoding frå Kyrkjemøtet, har soknerådet bestemt at det denne dagen skal vere eit ekstraordinært takkoffer til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid blant flyktningar i Midtausten.
 
Ta med stol og eigen mat. Det vert høve til grilling etter gudstenesta.
Skulle det mot formodning bli dårleg vèr, blir gudstenesta flytta innomhus på Feed. Den flotte grillhytta ved skianlegget vil uansett vèr kunne nyttast til grilling. 
 
Vel møtt til ein fin dag for store og små!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)