Sirdal Kyrkje
God start for det nye barnekoret!

God start for det nye barnekoret!

Publisert: 4. August 2015
Det har lenge vore eit ønske å til eit barnekor att i Øvre Sirdal, og no er koret i gang! Dei hadde si andre øving 13.september, og det meldast om god stemning :) Neste øving er 18.oktober kl 15.30. Alle born mellom 1. og 4. klasse er velkomne, og foreldra...

 ... kan gjerne bli med og slå av ein prat med andre foreldre over ein kaffikopp og litt kjeks. 

Kantor Kjetil leier koret, som vil øve ein søndag i månaden frå kl 15.30 - 16.30, dei søndagane det er gudsteneste i Kvævemoen kapell. Mens barna øver, kan altså dei vaksne, foreldre eller besteforeldre, nyte ein kopp kaffi og noko å bite i i kjellaren. Datoane i haust blir 23.august, 13.september, 18.oktober og 22.november. Planen er at koret skal synge på familiegudstenesta i kapellet på julaftan, allereie under konfirmantpresentasjonen 13.september song dei, til stor glede for alle som var i kapellet! 

Dette er eit prøveprosjekt i haust for å sjå om det er interesse for eit slikt kor. Så alle som ønskjer at barna skal ha dette tilbodet i kyrkja: Sett av datoane no, og ta med borna! Vel møtt!

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)