Sirdal Kyrkje
Kvifor vere luthersk?

Kvifor vere luthersk?

Publisert: 6. September 2015
Tonstad bedehus har invitert forkynnar Johnny Vågen til møtehelg 11 - 13.september, der den raude tråden gjennom helga vil vere sentrale punkter i vår lutherske teologi. Dette høver bra med at det snart er 500 års jubileum for reformasjonen.

 I 2017 vert det nemlig stort Luther-jubileum med fokus på at det er 500 år sidan reformasjonen starta.

Mange har høyrt om dei 95 tesene augustinermunken Martin Luther slo opp på kyrkjedøra i Wittenberg 31.oktober 1517, som ein protest mot avlatshandelen til den katolske kyrkja han sjølv tilhøyrde. Dei lærde diskuterer rett nok om tesene blei slått opp på kyrkjedøra eller sendt til biskopen, men dette var uansett på mange måter starten på reformasjonen. Etter kvart førte reformasjonen  til danninga av mellom anna den lutherske kyrkja i Tyskland, og etterkvart heile Europa og resten av verda. 

Arven etter Luther er viktig å ta vare på, og det vil altså bli fokuset under møtehelga på bedehuset. Fredag vil temaet vere "Rettferdiggjeringa ved tru", laurdag "Dåpen" og søndag "Nattverd og heilaggjeringa".

Vel møtt til både lutheranare og andre som har lyst til å finne ut meir om kva som ligg i desse sentrale begrepa. Møta byrjar kl 19.30.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)