Sirdal Kyrkje
Bli med på opplevingsrik kyrkjelydstur til Spania

Bli med på opplevingsrik kyrkjelydstur til Spania

Publisert: 22. Oktober 2015
Sirdal kyrkjelyd stør eit spennande misjonsprosjekt i Spania gjennom Det norske Misjonsselskap (NMS), og soknerådet i samarbeid med Tonstad bedehus inviterer no alle som har lyst med på tur til den pulserande storbyen Barcelona!

Målet med turen er både å bli kjent med ein spennande spansk storby, samtidig som vi vil møte misjonsarbeid i dagens Europa. 

For dei som har lyst til å oppleve mest mogleg, blir det tilbod om sightseeing i byen med buss, besøk i katedralen som aldri blir ferdigbygd - La Sagrada Familla, besøk på Gaudi-museet, rusletur på berømte La Rambla, flamenco-show og mykje anna. FC Barcelona spelar dessutan heimekamp på Europa sin største stadion, Camp Nou, denne helga! 
 
Nærkontakt med misjonsprosjektet er likevel det viktigaste målet med turen. Vi er sikre på at det blir inspirerande å sjå dette arbeidet på nært hald! 
 
Turen varer frå torsdag 28.april til måndag 2.mai 2016. Vi trur dette vil bli ei flott oppleving, og oppmodar mange til å melde seg på! Prisen er ikkje heilt klar, men vil truleg ligge på mellom 5.300 - 5.600 kr pr.person i dobbeltrom. Denne prisen inkluderer transport Tonstad - Sola t/r, fly Sola - Barcelona t/r, transport frå flyplassen inn til sentrum samt fire hotell-overnattinger med frukost på eit greit hotell sentralt i byen. 
 
Opent for påmelding no!
Bindande påmelding gjerast anten på mail til post@sirdal.kyrkja.no, tekstmelding til 97 63 31 27 eller ved å ringe Kyrkjesenteret på tlf 38 37 16 00. Oppgi namn (slik det står i passet), adresse, e-postadresse, passnummer og telefonnummer.
 
Påmeldingsfrist er sett til måndag 23.nov. 2015.
 
Skulle det bli trongt om plassane, vil dei som meldar seg på først vere sikra plass.
 
Arrangør: SIrdal sokneråd i samarbeid med Tonstad bedehus

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)