Sirdal Kyrkje
Tangent-aksjonen nærmar seg målstreken - blir du med i innspurten?

Tangent-aksjonen nærmar seg målstreken - blir du med i innspurten?

Publisert: 2. Februar 2016
Det utslitne pianoet i Tonstad kyrkje syng bokstaveleg tala på siste verset. Me har difor satt i gong ei kronerulling for å skaffe nytt: Kjøp ein tangent i det nye pianoet! Fleire har no kjøpt ein eller fleire tangentar, men det trengs fleire bidrag før vi er heilt i mål. SISTE: No er pianoet...

på plass i kyrkja! Vi er likevel ikkje heilt i mål. Til no har vi "solgt" 27 tangentar til eiskildpersonar og verksemder. Tre verksemder har i tillegg gjeve 5.000 kr kvar, kommunen har støtta aksjonen med 20.000 kr og det har kome inn to kollektar til nytt piano. Tilsaman blir det omlag 56.000 kr. Pianoet kostar  73.000 kr, så vi har att 17.000 kr før vi er i mål. Kor raskt kjem vi dit? Det kan du vere med å avgjere.

Bakgrunnen for kjøp av nytt piano:
Sjølv om pianisten på biletet er i godt humør, er ikkje pianoet i Tonstad kyrkje til å bli i godt humør av. Det har gjort teneste i mange tiår, og no er det igrunnen ganske utslitt og i dårleg forfatning. Pianoet er mykje i bruk, m.a. til å akkompagnere kor, i gudtenesteliv, på konsertar, gravferder, bryllup etc. 
Enkelte musikarar vegrar seg for å bruke det, og har ved enkelte høve heller teke med eigne instrument. Så her må det gjerast noko.

Ei omfattande restaurering av instrumentet er ikkje kostnadsvarande i forhold til kva ein får igjen, så då må me handle eit nytt. Soknerådet har vedteke å freiste å kjøpe eit nytt innan rimeleg tid. Men det kostar, og det blir vanskeleg å få til utan støttespelarar. Difor går me nå ut med ei såkalla kronerulling som me har kalla: "Kjøp ein tangent!" Me har sett prisen på ein tangent i det nye instrumentet til kr. 500,-, og alle som kjøper minst ein tangent, får eit tangentbevis! Me er sjølvsagt også takksame for alle gåver, også dei som er lågare enn kr. 500,-! Alle bidrag er verdifulle!

Me har oppretta ein eigen konto for pianoprosjektet: 3201.09.78393. Det er viktig at du ved innbetaling skriv namnet ditt i KID/meldingsfeltet, slik at me veit kven me skal sende tangentbevis til.

Med dette er Sirdølane oppfordra til å bidra til å få på plass eit nytt piano i Tonstad kyrkje! Kor mange tangentar kan me få seld før hausten, tru?

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)