Sirdal Kyrkje
Velkomen til årsfest for store og små!

Velkomen til årsfest for store og små!

Publisert: 4. Februar 2016
Søndag 6.mars er store og små velkomne til kyrkjelyden sin årsfest, som denne gongen går av stabelen i Kulturhuset. Det blir eit variert program, med god tid til å slå av ein prat innimellom. Nemnde vi middagen?

 Det heile startar med gudsteneste i Tonstad kyrkje kl 11.00, der både Tårnagentane og Tonstad barnekor blir med. Rett etter gudstenesta blir det sal av middag (lasagne med salat) på Kulturhuset. Kaffi og kaker til dessert.  Det er mogleg å betale middagen med kort. 

Etter ein bildekavalkade og litt leik for store og små saman, blir det song av både Cantarellene og Sirdal Blandakor, gjennomgang av årsmeldinga og tema med fokus på trusopplæring. Medan dei vaksne får med seg dette, kosar barna seg i idrettshallen. 

Dei som eventuelt har saker å melde til årsmøtet, kan gjere det til soknerådsleiar Aud Ingrid Fidjeland eller kyrkjeverge Henning Huseby Jansen innan 1.mars. 

Soknerådet håpar mange har lyst til å få med seg denne storsamlinga for heile kyrkjelyden! Vel møtt!

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)