Sirdal Kyrkje
Påske i Sirdal

Påske i Sirdal

Publisert: 16. Mars 2016
Påska nærmar seg. Mange ser fram til fridagar i Sirdal saman med familie og kjende. Det er noko spesielt med påskeskirenn, påskekrim, påskesol - og påskebodskapen. Under Kalenderen på høgre side finn du program for andakter og gudstenester i regi av kyrkja i Sirdal. Foto: Sirdal Huskyfarm

Også i år satsar vi meir på familesamlingar enn vanleg, ved at det blir påskevandring langfredag kl 18.00 utanfor kapellet, og familiesamling påskeaftan kl 13.30, også den utanfor kapellet hvis været er fint. Påskevandringa langfredag er ei vandring der ein kjem innom ulike postar som kvar har fokus på ulike sider ved påska og det som hende med Jesus i Jerusalem for 2000 år sidan. Vandringa går altså gjennom alle dagane i påska, og kva som skjedde dei ulike dagane. Ein spennande måte å bli betre kjend med påskebodskapen!

Det er også ulike andaktar på ulike stader i Sirdal gjennom påska, så som i Ålsheia, Øksendalsheia og på Kvinen. Sjå fleire detaljar under Kalenderen her på heimesida.

I år som i fjor blir det også ein spennande aktivitetsdag på Kvævenområdet påskeaftan frå kl 12 - 16.00. Her er det mellom anna skirenn for barn, husflid, eggmåling, hundesledekøyring, kanefart med hest, matsal og som allereie nemnt familiesamling utanfor kapellet kl 13.30. Dagen avsluttast i kapellet med eit flott lysbildeforedrag av Odd Kvinen: "Gunhild Kvinen - eit liv i fjellheimen". 

Påskeprest i Øvre Sirdal i år er Bjørn Wang. Han kjem til å bu på kapellet på Kvævemoen saman med familien sin, gjennom det meste av påska.

Velkommen til både fastbuande og turistar til andakter og gudstenester gjennom påska!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)