Sirdal Kyrkje
Kulturkveld med Einar Lunde

Kulturkveld med Einar Lunde

Publisert: 13. April 2016
Einar Lunde var den fyrste norske journalisten som møtte Nelson Mandela etter at han vart sett fri i 1990, og han leia folkefesten i Oslo då Mandela fekk Nobelprisen i 1993. Møt Einar Lunde fredag 22.april kl 19.00 i Sirdal kulturhus.

11. feb 1990 heldt heile verda pusten. I mange år hadde FN, Amnesty og all verdas regjeringssjefar og aktivistar kravd at Nelson Mandela måtte setjast fri frå fengselet i Sør-Afrika. No brått stod han der, ein fri mann etter 27 år i fengsel. Vi såg det "live" på TV.

Ingen hadde sett han på så mange år, ingen visste heilt kva han stod for. Mange var redde at han ville bli eit gissel for dei kvite makthavarane, at han ville bli ein fiasko, at han heller burde ha blitt verande i fengsel som eit symbol på kampen som framleis heldt fram mot det hata og grusomme systemet bygd på raseskilnadsystemet apartheid.

Den dagen stod mange titusen svarte ungdomar klar med alle dei våpena dei kunne få tak i. Dei venta på ordren frå sjefen sin, Mandela, om å setja igang  -  ta hemn etter 350 år med grusom undertrykking og frårøving av menneskeverd, menneskerettar og eiga jord. Heile landet skalv av spaning.

Og så skjedde det noko som gjekk som sjokkbylgjer gjennom heile Sør-Afrika, ja, heile verda. Nelson Mandela heldt ein tale framfor ei menneskemengd på fleire hundre tusen i Cape Town, og den talen, som og blei send direkte på TV, blei byrjinga på det som har blitt kalla miraklet i Sør-Afrika.

Kva skjedde så?

Kva som skjedde vidare skal den mangeårige ankermannen og utanrikskorrespondenten i Dagsrevyen, Einar Lunde, fortelje om når han kjem til kulturkveld i Sirdal kulturhus 22.april kl 19.00.

Einar Lunde var den fyrste norske journalisten som møtte Nelson Mandela, og han leia folkefesten i Oslo då Mandela fekk Nobelprisen i 1993. Dessutan sat han på kontoret til Desmond Tutu i Johannesburg då kunngjeringa om Fredsprisen kom i 1984.

Lunde er den norske journalisten som har vore flest gonger inne i Sør-Afrika under apartheid - der dei kvite hadde monopol på all makt, alt av verdi, og på retten til å eiga jord.

FRÅ UNDERTRYKKING OG KONFLIKT TIL FORSONING OG TILGJEVING  - EIT MØTE MED NELSON MANDELA  OG DESMOND TUTU”   har Einar Lunde sett som tittel på foredraget i Sirdal.

Etter foredraget, som varer i ca 85 minutt, blir det høve til spørsmål og samtale, samt høve til å kjøpa nokre av bøkene han har skrive, "Paradis-vegen" og "Safari", med rabatt og med hyggeleg helsing frå forfattaren.

Fakta om Einar Lunde:

 - 40 år som nyhendeanker i NRK - Dagsrevyen.

 - Tidlegare Afrika-korrespondent for NRK

 - Han har vitja Afrika meir enn 80 gonger.

 - Han held jamt førelesingar i Sør-Afrika om opplevingane

    sine som tidsvitne under Apartheid.

 - Arbeider som konferanse- og debattleiar, held forestillingar,

    foredrag og kåseri og er reiseleiar i Sør-Afrika og Tanzania-

    Zanzibar for Temareiser Fredrikstad.

Tekst: Steinar Tjomlid

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)