Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste på Sporkland

Friluftsgudsteneste på Sporkland

Publisert: 30. Mai 2016
Sundag 12.juni kl 11.00 blir det friluftsgudsteneste på Sporkland, ved sokneprest Sigurd Flydal. Garden Sporkland ligg på austsida av Sirdalsvatnet, drøye 200 meter over vatnet.

Tidlegare var dei som budde her avhengig av kommunikasjonen på Sirdalsvatnet, og hadde brygge som var fast stoppestad for DS Fram og dei andre båtane som trafikkerte Sirdalsvatnet. 

Steinar Tjomlid skriv om garden Sporkland i Kyrkje og kultur i Sirdal, nr 2/16: 

Som oftast er det ganske lett å finna ut kvifor gardane i Sirdal har fått det namnet dei har. Til vanleg er dei kalla opp etter eit særmerke i naturen eller etter den rådande vegetasjonen på staden, t.d. nærliggande garder som Sandvann og Espetveit. Når det gjeld Sporkland, derimot, har det vore vanskeleg å finna ei forklaring på namnet. Kanskje er garden oppkalla etter det gamle namnet på einer, sprakje, men dette er uvisst. Men siste delen av namnet, land, tyder i alle fall på at det er gamalt og skriv seg frå folkevandringstida, omlag 400 til 600 e. Kr.  Garden har aldri vore mellom dei største. I 1660 åra heiter det at garden har nok skog til vedlikehald av husa og til brensle. Likevel nytta ein torv til koking og oppvarming heilt fram til etter krigen. Men jorda var god, heiter det, og gav nok avling til å kunne fø 2 hestar, 10 kyr og 20 sauer.

Det gjekk fleire stiar til Sporkland. Såleis gjekk det sti både frå Espetveit, Stangborli og Birkeland m.m. Det var ikkje eigen skule på garden, så når borna skulle på skule måtte dei gå til Oftedal. Elles var nok båt viktigaste framkomst-medel dersom ein t.d. skulle til Flekkefjord.

Ei stor føremon ved garden var det nok at elva var stor og strid nok til at ein kunne driva 2 kverner, noko som var særs viktig før ein fekk elektrisitet til garden i 1954. I dag finst det ingen fastbuande på Sporkland lenger. Men husa og gardane er særs velstelte og blir nytta som feriebustader.    

Ta med stol og mat. Vel møtt til friluftsgudsteneste sundag 12.juni kl 11.00. 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)