Sirdal Kyrkje
Flott konsert ved familen Særheim med vener

Flott konsert ved familen Særheim med vener

Publisert: 25. Juli 2016
Fredag 29.juli kl 20.00 kan du få med deg endå ein flott konsert i Tonstad kyrkje! Den musikkinteresserte familien Særheim med tilknytning til og feriehus på Tonstad, vil saman med gode musikalske vener framføre ein gratis sommarkonsert i kyrkja. På programmet står mellom anna salmar, bruremarsj og klassiske stykker.

Signe Særheim, dotter i familien, vil framføre salmar, både åleine og saman med brørne sine Per Sigve og Oleiv. Familiefar Inge Særheim vil mellom anna framføre ei svensk folketone på klarinett, saman med Kari Kollreiten.

Venen Reidar Kydland bidreg med det kjende klassiske stykket  "Bist du bei mir" på trompet, og Kåre Særheim nyttar trekkspel når han framfører ein bruremarsj. 

Allsong
Ingunn Hamran er også ven av familien. Ho har vore med i komiteen for den nye salmeboka, og  kjenner difor godt til både nye og gamle salmar i salmeboka. Salmane ho har valt ut som allsong på konserten, er  "Så grønn en drakt", "No stig vår song", "Ha ingen uro" og "Fordi han kom og var som morgonrøden". Ho akkompagnerer sjølv på det flunkande nye pianoet i kyrkja. Noter med 4-stemte arrangement vert delt ut til dei som har lyst til å "gjere litt meir ut av det". Men alle er velkomne til å synge med, også om ein syng den heilt vanlege salmemelodien. Flott å høyre på blir det i alle fall!

Konserten vert avslutta med "Den hellige stad". Venen Geir Myklebust spelar trompet på denne mektige melodien, saman med Inge Særheim og Reidar Kydland.

Vel møtt til ein heilt spesiell sommarkonsert i Tonstad kyrkje!   

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)