Sirdal Kyrkje
Spesiell konsertoppleving i Tonstad kyrkje

Spesiell konsertoppleving i Tonstad kyrkje

Publisert: 1. August 2016
Dei frammøtte i Tonstad kyrkje torsdag kveld fekk ei uvanleg flott konsertoppleving. Franske Eloise Bella Kohn på piano og nordmannen Laurens Weinhold på fiolin trollbandt publikum med sitt virtuose spel!

Dei to unge musikarane viste sirdølane korleis både fiolin og piano kan handterast når kunstnarane held toppnivå, og det er ikkje for ingenting at dei begge held høg internasjonal klasse på trass av sin unge alder. På programmet stod m.a. ein sonate av Beethoven og Grieg sin sonate i c-moll. Ei meir verdig innviing av det nye pianoet (som vart levert kvelden før) i Tonstad kyrkje kunne ein ikkje ha fått! Dagen etter stod Stavanger Konserthus for tur for dei to, så me må vere takksame for at dei såg seg tid til å ta turen til oss! Me høyrer dei gjerne igjen!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)