Sirdal Kyrkje
Kulturkveld tysdag 14.mars kl 19.00, Tonstad kino

Kulturkveld tysdag 14.mars kl 19.00, Tonstad kino

Publisert: 21. Februar 2017
Anne Berger Jørgensen har eit langt liv bak seg i kristent arbeid, mellom anna som fengselsprest i Bodø fengsel. Ho har alltid vore oppteken av dei minste blant dei små, dei som har falle utanfor. Dette vil også vere tema i foredraget hennar, som nettopp har fått temaet: "Dei minste blant oss".

Etter lærarskulen gifta ho seg med Tor Berger Jørgensen, og dei reiste til Japan som misjonærar. Der arbeidde dei i 15 år før dei kom tilbake og ho tok til med teologistudiet. I 1995 vart ho ordinert. Ho har arbeidd som prest i Stavanger Domkirke og i Rønvik/Kjerringøy. Prestegjerninga avslutta ho som fengselsprest  i Bodø fengsel. Ho var sentral i eit femårig prosjekt for Bodø kommune i samarbeid med Bodø kyrkjelege fellesråd under tittelen "Rett til åndeleg liv, også for personar med demens".

 
Når Anne kjem til Sirdal, vil ho ta utgangspunkt i likninga Jesus fortalte, i Matteusevangeliet, kap. 25: "Når såg vi deg svolten ... framand ... naken ... sjuk ... i fengsel" - som utfordring i vår tid.
 
I tillegg til foredraget av Anne, vil Kjetil Øygard Eidevik synge. Det vert som vanleg også noko å bite i og ein kaffitår.
Inngang: 100,- kroner. Arrangør er Kulturutvalet i Sirdal kyrkjelyd.
 
Vel møtt!
 
Tekst: Magnar Undheim        
Foto: Privat
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)