Sirdal Kyrkje
Bli med å støtte Fasteaksjonen. Bli ein brønnbyggjer du og!

Bli med å støtte Fasteaksjonen. Bli ein brønnbyggjer du og!

Publisert: 23. Mars 2017
Tysdag 4.april har du anledning til å gje pengar til eit stort og viktig arbeid. Då kjem årets konfirmantar på dørene for å samla inn penger til Kirkens nødhjelp sitt hjelpearbeid. Dei har størst fokus på å skaffe mennesker reint vatn. Sirdølar plar vera rause med å gje til Fasteaksjonen, og me vonar det blir slik i år og.

Ingenting er viktigare enn reint vatn. For vatn gjev ikkje berre liv, vatn kan også ta liv. Å gjere noko for andre er viktig for oss som kyrkje, og den 4.april skal me bidra til at fleire får reint drikkevatn i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.

– Eg har ofte blitt sjuk av det skitne vatnet me hadde her i landsbyen. Eg måtte halde meg heime frå skulen fordi eg hadde vondt i magen, og eg har fått urinvegsinfeksjon på grunn av vatnet. Men no er det mykje betre, fortel 13 år gamle Richard Wilson.

Han er ein av mange innbyggjarar i Ikonda i Tanzania som har fått ein ny brønn. Bebuarane i landsbyen har jobba frivillig for å få bygd brønnen. Dei har fått hjelp frå Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon i Tanzania og det er pengar frå TV-aksjonen i 2014 som gjorde det mogleg å gjennomføre prosjektet. No er vatnet mykje reinare, og det gamle vatnet vert berre nytta til å lage mursteinar og vatne åkrane.

Noreg og alle andre medlemsland i FN har sett seg som mål å skaffe reint og trygt drikkevatn til alle innan 2030. Men det er ein lang veg fram, sidan det framleis er millionar av menneske som ikkje har tilgang til reint drikkevatn.

Du kan bli med på å gjere denne vegen kortare ved å bidra med pengar eller som frivillig under Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2017, der me samlar inn pengar slik at endå fleire kan få reint vatn, slik som Wilson. Me i Sirdal kyrkjelyd er stolte av å kunne samarbeide med Kirkens Nødhjelp som arrangerer Fasteaksjonen for 50. gong i år.

Bli ein brønnbyggjar du også, og støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

Les gjerne meir om aksjonen og kva pengane går til her:http://www.fasteaksjonen.no/om-aksjonen

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)