Sirdal Kyrkje
Naturlostur med gudsteneste på Kvinen

Naturlostur med gudsteneste på Kvinen

Publisert: 25. Juli 2017
Den siste NATURLOS-turen i år går til Kvinen, søndag 30.juli. Dette er ein lang tradisjon, som mange set pris på. Også i år vil Johannes Tjørhom Hompland vere naturlos. I år er det 70 år sidan han første gong var på Kvinen!

 Johannes var berre fem år gamal då han var med foreldra sine og den to år yngre bror sin til Kvinen for første gong, i midten av august 1947. Sidan har han i mange år tatt turen til Kvinen minst eit par gonger i året, så han har ikkje tal på kor mange gonger han har vore der. Dei som legg turen til Kvinen denne søndagen, får altså ein godt kjent naturlos som guide.

Johannes fortel at turen er om lag sju km kvar veg, i lett terreng. Dei som vil gå Naturlosturen saman med han, møter opp klokka 09.30 ved parkeringsplassen på Donsen, innerst i Solheimsdalen. Ein kan sjølvsagt også gå til Kvinen frå andre stader om ein ønskjer det, og så bli med på gudstenesta der kl 12.30. I år er det Henning Huseby Jansen som vil leia gudstenesta, og det vert som vanleg takkoffer til KRIK.
Grunna bygging av ny sikringsbu, kan vi i år ikkje nytte turisthytta til gudstenesta. Ta med eigen niste og drikke.

Traseen følgjer den gamle stien innover mot Kvinen, og undervegs vil vi sjå spor etter både anleggsbrakker og anleggsutstyr som var sett opp av tyskarane til arbeidet med den planlagde riksveg 10 frå Stavanger til Oslo.  Strekninga frå Ålgård til Donsen blei ferdig gjennom Hunnedalen. Men traseen vidare frå Donsen inn til Kvinen og derifrå vidare til Langeid iSetesdal blei aldri bygd.

Dei som blir med på turen vil også få høyre litt om historia til turiststasjonen på Kvinen, og Gunhild og Aslak som budde på Kvinen og bygde opp og dreiv stasjonen frå dei gifta seg i 1916 til slutten av 1960-talet. Sonen Einar og kona Gerd tok då over drifta.

Vel møtt til ein flott tur i nydeleg Sirdalsnatur!       Foto: Steinar Thingbø  

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)