Sirdal Kyrkje
Kulturskatt til Tonstad kyrkje!

Kulturskatt til Tonstad kyrkje!

Publisert: 17. August 2017
For ei tid tilbake blei kyrkjekontoret kontakta om ein gammal bibel frå 1550. Bibelen hadde ei gong for lenge sidan tilhøyrt Tonstad kyrkje, og no lurte eigaren i USA på om kyrkja var interessert i å få bibelen tilbake? Det var soknerådet sjølvsagt interessert i, og søndag 17.september kjem denne sjeldne bibelen «heim» att under gudstenesta kl 11.00 i Tonstad kyrkje! Men lat oss sjå litt på historia bak denne heimkomsten.

Kong Christian III sin bibel - «Reformasjonsbibelen»

Gåve til Tonstad kyrkje

For 389 år sidan, i 1628, blei eit eksemplar av den såkalla Reformasjonsbibelen frå 1550 (sjå faktaboks) gitt i gåve til Tonstad kyrkje. Gåva blei gitt av kong Christian Quart, truleg i samband med innviing av ny kyrkje. 214 år seinare, i 1842, blei bibelen selt til Kolben Tollaksen Finsnes på kommunal auksjon. Ifølgje handskrivne notat i bibelen, blei han seinare selt til Ole Johannessen Helle frå Lindeland. Til sist hamna bibelen i USA. 

Torvild Valle, gift med Tordis Josdal som er i frå Sirdal og i slekt med noverande eigar av bibelen, har sett nærare på korleis det gjekk til:
- Eg er gift med Tordis Josdal. Mor hennar Margit var fødd i Minnesota, og i 1989 var vi på vitjing hos familien hennar der. Mellom anna vitja vi Sidney Sivertsen. Han var ivrig etter å vise oss ein gammal bibel han eigde, som synte seg å vere eit eksemplar av Christian III sin bibel frå 1550 (sjå faktaboks).

Lindeland familien

Men korleis hamna nett dette eksemplaret av Bibelen i USA? Vi må attende til Ole Johannesen Helle frå Lindeland.
- Lindeland var vel opphaveleg èin gard, men alt før 1600 blei garden delt i to. Etter kvart blei det fleire delingar mellom søsken, og på slutten av 1800 tallet var det i alt åtte bruk. Det seier seg sjølv at det var smått om levebrødet for ein stor familie.


Bertha reiser til Amerika

På ein av dei minste gardene, som vart kalla Johans-bruket, og som oppsto ved ei deling i 1820, budde Ole Bjørnsen Lindeland. Son hans, Johannes Olsen Lindeland, hadde seks søner og ei dotter. Tre av gutane drog til Amerika: Ole Gabriel i 1865, Ommund i 1867 og Ståle i 1873. Dei slo seg ned og etablerte farmar i Minnesota.

Eldste son av Johannes, Ole Johannesen Lindeland, budde på Johans-bruket ei stund, men bruket blei i 1867 tatt over av Ole sin onkel, og Ole kjøpte i 1873 garden Helle (i Flekkefjord) for 400 daler, og tok namnet Helle. Han hadde to døtre, Bertha, f. 1881 og Ingeborg, f. 1883. Ole døde i 1900 og Bertha tok over eigedomen Helle. I 1902 solgte ho Helle og reiste til Amerika, til onklane sine der, saman med Ingeborg.

Ole Johannesen Helle eigde altså bibelen i 1874 og fram til sin død i 1900. Det er tydeleg at Bertha arva bibelen etter far sin, og ho tok han med seg til Amerika. Her blei ho gift med Anton Sivertsen, og det var deira son Sidney som viste meg han. Det er dotterdotter til Sidney, Rachel Bolte, som no vil gi bibelen attende til Tonstad kyrkje. Ho og mora Carol Bolte, kjem til Sirdal nokre dagar i førevegen, og dei blir sjølvsagt med på både gudstenesta og middagen etterpå.
Fredagen og laurdagen er det lagt opp til eit spennande program for gjestane, der dei skal få oppleve mykje av alt det flotte Sirdal kan by på.

Kyrkjelyden er svært glade og takksame for gåva, og vi vonar mange frå heile Sirdal får med seg den store hendinga 17.september! Etter gudstenesta er alle velkomne til middag på Kulturhuset. Her blir det meir informasjon om bibelen, det blir ulike musikalske innslag og Inge Særheim, professor ved universitetet i Stavanger, vil fortelje meir om denne gamle bibelen og betydninga både denne bibelen og Luther sin første tyske bibel frå 1534 har hatt for språkutviklinga i Tyskland og dei skandinaviske landa. Tittelen for kåseriet hans er: "Kolbein Båtstø (Finsnes), Martin Luther og Christian III-bibelen frå 1550". 

Med andre ord: Her er verkeleg mykje spennande og flott program å sjå fram til! Alle er velkomne til å bli med både på gudstenesta og samlinga i Kulturhuset etterpå!

PS: Dersom nokon av lesarane kjenner til historia rundt denne bibelen eller Bertha si reise til USA i 1902, er vi svært interessert i at de tek kontakt med oss på mail post@sirdal.kyrkja.no eller telefon 97633127.

 

 

 

Fakta om Reformasjonsbibelen og tida den blei til
- Kong Christian III var konge i Danmark/Noreg  frå 1534 til 1559.

- Han slutta seg til den lutherske læra, og innførte reformasjonen i Danmark/Noreg.

- Kong Christian ville lage ein samla bibel til bruk i alle kyrkjer i kongeriket, og bibelen var ferdig i 1548 og vart gjeve ut i 1550.

- Kongen fekk ein tysk boktrykkar, Ludwig Dietz, til København for å trykke verket.

- Christian III sin bibel kom ut i 1550, og var forsynt med eit stort tal tresnittillustrasjonar frå Luther sin bibel frå 1534.

- Bibelen hadde meir enn tusen sider og vog nærare 5 kilo!

- Dette var den første heile Bibelen på dansk. Noko norsk skriftspråk eksisterte enno ikkje. 

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)