Sirdal Kyrkje
Vellukka Alpha-middag

Vellukka Alpha-middag

Publisert: 23. September 2004
Fredag 17. september blei det arrangert Alpha-middag på Tonstad bedehus. Blant deltakarane var Egil Netland og Aslaug Nord-Varhaug.

undefined

Omlag 50 deltok på Alpha-middag på Tonstad bedehus fredag 17. september i regi av syskenringen i Sirdal. Difor går den felleskyrkjelege Alpha-komiteen optimistisk ut og håpar mange vil bli med på Alpha-kurset som startar opp onsdag 6. oktober på Tonstadli Ungdomssenter. Om du ikkje var på Alpha-festen kan du likevel melde deg på sjølve kurset. Det gjer du ved å kontakte oss på kyrkjesenteret: 38 37 16 00.

På ti onsdagskveldar fram til desmeber blir sentrale emner tatt opp. På programmet står mellom anna: "Kven er Jesus", "Kvifor døyde Jesus", "Korleis leier Gud" og "Korfor og korleis kan ein be?". Det blir i tillegg arrangert ei helgesamling som er via til emne omkring den heilage ande.

Samlingane startar alltid med kveldsmat, så kjem det eit foredrag om emne for kvelden og så er det spørsmål og samtale om det i grupper. Ein treng ikkje ha særlege forkunnskapar eller noko uttalt tru for å delta. Kurset er ope for alle som ønskjer å vite meir om kva den kristne trua handlar om. Dette er eit felleskristeleg tiltak og alle kyrkjesamfunna i Sirdal står saman om arrangementet.

Bilder frå Alpha-festen kan du sjå her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)