Sirdal Kyrkje
Tonstad Barnekor 30 år

Tonstad Barnekor 30 år

Publisert: 5. Oktober 2004
Laurdag 23. oktober blir det bursdagsfest i kulturhuset på Tonstad. Då feirer Tonstad barnekor 30 år.

Barnekora frå Moi, Gyland og Øvre Sirdal blir med og feirar bursdagsbarnet. Det blir konsert i Kulturhuset kl 16.00 med stort felleskor og innslag med kvart kor. Etter konserten blir det bursdagsfest med varm mat og bursdagskake i festsalen. Det vil vere flott om også mange tidlegare korsongarar blir med. Både konserten og bursdagsfesten er open for alle.
Tonstad barnekor har hatt same dirigent i alle dei 30 åra. Hanne Fodstad starta opp eit jentekor frå 5. klasse heime i stua si i september 1974. Året etter kom også dei mindre barna med i koret. Sjølv etter 30 år med barnekor har ikkje dirigenten planar om å gje seg. Fleire av dei tidlegare korborna har gått over til å bli korforeldre. Dette synest Hanne både er morosamt og gledeleg. Det viser at dei har sett pris på å vere med i koret sjølv og vil la sine eigne born få oppleve det same.      
      

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)