Sirdal Kyrkje
Soknemøte om eitt eller to sokn

Soknemøte om eitt eller to sokn

Publisert: 5. Oktober 2004
Skal det framleis vere to sokn i Sirdal, eller skal Tonstad og Øvre Sirdal bli til eitt sokn.

Dette er spørsmålet på soknemøte i Tonstad kyrkje sundag 24. oktober og i Lunde kyrkje sundag 31. oktober.
Saka har vore behandla i begge sokneråda, og dei har gått inn for ei samanslåing. Kor mykje den jamne kyrkjemedlem vil merke til ei eventuell samanslåing er vanskeleg å seie. Etter alt å døme vil skilnaden frå dagens ordning vere liten. Argumenta for å slå saman er mellom anna enklare administrasjon, samle kreftane frå heile dalen og lette rekrutteringa til sokneråd, det har vore vanskeleg å få nok kandidatar dei siste gongane – særleg i Øvre Sirdal.
Motargumentet er at kyrkjelydsarbeidet kan miste lokal forankring, og svekke eigartilhøve til den lokale kyrkja.
Eit utval nedsett av sokneråd konkluderte med at dei ville tilrå samanslåing. Dei hadde henta erfaringar frå to kommunar som har gjennomført samanslåing av sokna. Utvalet meiner at det vil vere avgjerande å ha ei tenleg utvalsstruktur for å ivareta lokal forankring.
Utvalet var ferdig med arbeidet sitt i fjor haust. Seinare har eit strukturutval arbeidd fram eit forslag til struktur som sokneråda også har gitt si tilslutning til.
I sin rapport skriv dei mellom anna: "...er det viktig å ivareta det lokale engasjementet i dei gjeldande sokna. Vi har difor lagt opp til ein struktur der utvala er forankra i dei to ”gamle” sokna, mens ”Sirdal sokneråd” skal ha heile kommunen som ansvarsområde."
Nå er turen komen til at alle kyrkjemedlemer kan få seie sitt om eit eller to sokn i Sirdal. Dersom soknemøta går inn for samanslåing blir saka sendt vidare til biskopen for endeleg godkjenning. Frå 01.01.2006 vil det nye soknet vere oppretta.
PØR

Notat frå arbeidsgruppe med vurdering av eit framtidig "Sirdal sokn"

Notat frå strukturutvalet

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)