Sirdal Kyrkje
Ungdommar feira gudsteneste

Ungdommar feira gudsteneste

Publisert: 7. November 2004
Solist Camilla Stokka (15) i ungdomskoret Kefas frå Kvinesdal, gleda oss med fine songar for ei ganske fullsatt Tonstad kyrkje laurdag kveld. Mange bidrog til at det blei ei fin ungdomsgudsteneste denne kvelden.

Det var mange som var innvolverte i ungdomsgudstenesta på laurdag. Frå nabokommunen Kvinesdal var det besøk av ungdomskoret Kefas. Konfirmantane i Sirdal bidrog også med tekstlesing og drama. Overskrifta denne kvelden var WWJD? (Kva ville Jesus ha gjort?) Skulelagsprest Henning Huseby Jansen frå Farsund holdt ei god andakt over dette temaet. Konfirmantane hadde tidlegare på dagen førebudd seg på dramainnslag som blei vist på kvelden.undefined

Også Sirdal ungdomskor var med og song saman med Kefas. Dei song "Kjenn ingen uro" og "Let us sing and praise". Desse to songane framførte dei også saman Kvinesdal då IDOL-Maren deltok. Dirigent for Kefas er Cathrine Aagedal (til høgre i biletet). Takk til ho, lydteknikarane, kormedlemma og bandet i Kefas for de kom!

Nokre andre ungdommar var med under forbøna for dei ulike kristne ungdomsgruppene på Tonstad. Det blei tent eit lys og bedt spesielt for kvar enkelt gruppe. I tillegg blei det bedt for alle ungdommane i Kvinesdal og Sirdal.

Gudstenesta blei starta med allsongen "Lord I lift your name on high", ein lovsprisning som sette det heile i eit fint perspektiv. Vi var saman i Guds nærvær. Det blei også halden nattverd denne kvelden.

Etter gudstenesta var det Åpent Hus for ungdommane på bedehuset. Mange tok turen der. her var det mykje sosialt og god mat.

Mange takk til de som var med i planleggjinga og gjennomføringa! Også fint at mange av konfirmantforeldra og de andre kom og var saman i dette fellesskapet denne kvelden.

FLEIRE BILETE HER

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)