Sirdal Kyrkje
Fine Alpha-kvelder

Fine Alpha-kvelder

Publisert: 2. Desember 2004
Sidan byrjinga av oktober har mellom 20 og 30 menneske delteke på Alpha-kurs i regi av Syskenringen i Sirdal. - Samlingane har vore veldig fine, og vi har hatt ein open og god samtale i gruppene, fortel Ann- Karin Sele i leiargruppa.

Onsdag 6. oktober gjekk startskuddet for Alpha-kurset.  No går kurset mot avslutning. I går kveld var det nest siste gongen med kurskveld på Tonstadli ungdomssenter for denne gong. På bilete ser vi nokre av deltakarane som forsynar seg med kveldsmat. Alle kurskveldane har starta med god kveldsmat. Fleire bilet frå samlinga i går kan du sjå HER.

Syskenringen tok før sommaren initiativ til å halde eit Alpha-kurs i Sirdal. Det blei nedsatt ei leiargruppe som etterkvart blei supplert med andre medarbeidarar. Ein trengde folk til å undervise, vera gruppeleiar, laga mat og ta seg av andre praktiske ting. Dette fall på plass, og då gjekk ein ut med informasjon om Alpha-kurset på ulike måtar. Det blei arrangert Alphafest på Tonstad bedehus. Det endte opp med at nærare 30 meldte seg på sjølve kurset.

Ann-Karin Sele fortel gledeleg om det fine fellesskapet det har vore på kurset. Kor fint det har vore i gruppene. Folk som ikkje har kjent kvarandre så godt før har blitt bedre kjent. Kurset har teke for seg viktige spørsmål.

”Livet…stiller oss overfor mange vanskelige spørsmål. Om meningen med det hele, om døden, om Gud- og hvem er nå egentlig denne Jesus? Mange velger å leve med sine spørsmål, men for mange kommer tider da man trenger svar som er til å stole på. ALPHA-kurset er et sted der du kan finne svar på dine spørsmål”.

Slik lød det i informasjonen som gjekk ut til bygdefolket.

Neste gong er det siste gongen med Alpha-kveld for denne gong. Då har det vore 10 samlingar totalt med forskjellige tema. Ann-Karin Sele opplysar at då vil ein ha ein festavslutning med middag.

 

Per Sverre

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)