Sirdal Kyrkje
Elevar laga flott adventsgudsteneste

Elevar laga flott adventsgudsteneste

Publisert: 3. Desember 2004
Elevane i barne- og mellomtrinnet på Tonstad skule deltok i dag på adventsgudsteneste i Tonstad kyrkje. Dei song, spela,las dikt og var med på forbøn.

I dag var me med på ein flott gudsteneste i Tonstad kyrkje. Godt førebudde elevar laga gudsteneste med fine innslag. Dei song fine songar, las sjølvskrevne dikt om jula, og dei hadde julespel om Elisabeth og Maria. Nokre elevar var også med å las fram bøner dei hadde utforma under forbønsdelen.

 

Medan 3. klassingane tende adventskransen, song alle med på adventssongen: "Nå tenner vi det første lys...". Vidare ønska sokneprest Sigurd Flydal alle velkomen til adventsgudstenesta. Døveprest Georg Abelsnes deltok også.

Nokre av 4. klassingane fortalde om fargane i advent, og illustrerte dette med fargebånd som dei hoppa rundt i ring med. Andre 4. klassingar hadde eit innslag om Elisabeth og Maria. 1. og 2. klasse song for oss. Mellomtrinnet hadde eit innslag om Johannes, før "Gjør døren høy" lød i kyrkja, medan døveprest viste korleis me alle kunne vere med på teikna.

Mellomtrinnet hadde laga eigne dikt om jula, mi forventning-mitt håp for verda.

Mot slutten av gudstenesta var det ein eigen forbønsdelen. Her deltok elevar med eigne bøner dei hadde laga. Før organist Hanne Fodstad spelte postludiet, song borna for full hals på songen: "Det lyser i stille grender".

SJÅ BILETA FRÅ GUDSTENESTA HER.

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)