Sirdal Kyrkje
Små og store feira Barnas Misjonsdag

Små og store feira Barnas Misjonsdag

Publisert: 9. Februar 2005
Det var mange som var engasjerte då det blei feira Barnas Misjonsdag i Tonstad kyrkje på sundag. Janne Kristin og Anna Caroline frå speideren deltok under forbøna. 4.klassingane hadde førebudd seg med teikningar på lysark.

Det blei ei festgudsteneste i kyrkja denne sundagen. Mange unge var engasjerte under gudstenesta, både gjennom song, tekstlesing, i preikedelen og ved dåpen var den yngre garde aktivt med.
Sverre Jakobsen hadde ei preike om den blinde mannen ved Jeriko. Mannen som ropa til Jesus om hjelp. Jesus stogga ved mannen og gjorde han frisk. Han fekk synet igjen, takka og fulgte Jesus.
Til preika viste ein lysark som 4.klassingane hadde teikna. Her hadde dei på ein flott måte illustrert preiketeksta med sine eigne bilete. Jakobsen fortalte også om misjonsprosjektet for Tonstad sokn.Soknerådet vedtok for ein del år sidan å støtte Det norske Misjonsselskap sitt arbeid i Paris. Det er spesielt "Håpets senter" som det blir samla inn pengar til, noko som det også blei gjort på sundag. I preikedelen blei det også vist bilete frå dette senteret i Paris. Arbeidet ved dette senteret rettar seg hovudsakleg mot afrikanske innvandrarar.

I gudstenesta fekk 4.klassingane også utdelt "Mi sjekkebok". Med denne kan dei utforska kyrkja, og dermed bli endå betre kjend med si lokale kyrkje.

Nokre frå Speideren var med i forbøna. Barnekoret song. Også ved orgelkrakken var det ei ung jente som spelte til ein av songane. Ane Bendikte spelte duett saman med Lilli Jane som satt ved pianoet. Det var kjempeflott.

To små born blei også båret til dåpen.

Bilet fra Barnas Misjonsdag


Per Sverre
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)