Sirdal Kyrkje
Skal på skulebesøk i Sirdal

Skal på skulebesøk i Sirdal

Publisert: 15. Februar 2005
Mari Fjelde Hauger (t.v), Leni Valeriano (Fillippinene) og Ingvild Reymert kjem til Sirdal i samband med fasteaksjonen. Både 9. og 11. mars blir dei med og fortel om fasteaksjonen.

Saman med regionskonsulent i Kirkens Nødhjelp, Astrid Hareide, er ettåringane invitert til Sirdal av den lokale KN-komiteen. Dei skal besøke alle skulane i bygda fredag 11. mars. Dei startar på Sinnes frå morgonen, og sluttar dagen ved Sirdal V.G.S.
Informasjonsturnéen er en del av året der ungdommer reiser til eit land i sør i tre måneder, studerer utviklingsfag på Høgskolen i Oslo og driver kampanjearbeid for Changemaker og Kirkens Nødhjelp. I fjor haust besøkte Mari Fjelde Hauger slumstrøkene i Manila på Fillippinene.
- Det er vanskeleg å sjå så mykje fattigdom og nød som det vi gjør. Men vi ser også at noen jobber for å forandre sine medmenneskers situasjon. Og da er det håp, fortel Hauger.
Tema for fasteaksjonen i år er Menneskehandel. Sjølve dør- til -dør-aksjonen er tirsdag 15. mars.

Fastegudsteneste
To dagar før solidaritetsettåringane skal besøke Sirdal-skulane, blir dei også med på fastegudsteneste i Lunde kyrkje. Gudstenesta er onsdag 09. mars klokka 18.00. I samband med fasteaksjonen skal konfirmantane og deira føresette delta på eit informasjonsmøte. Denne gongen startar dette møte med ei gudsteneste. Me understrekar at gudstenesta er open for alle, og vonar mange vil ta turen til Lunde kyrkje denne kvelden. 


Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)