Sirdal Kyrkje
Et aktivt år for Søskenringen i Sirdal

Et aktivt år for Søskenringen i Sirdal

Publisert: 4. Mars 2005
Søskenringen i Sirdal har lagt bak seg et aktivt år. I april 2004 ble det arrangert allsangkveld med Gunstein Draugedalen og Mons Leidvin Takle i Tonstad kyrkje. Dette var ett av flere arrangement som Søskenringen har stått bak.

Årsrapporten forteller oss om et bredt engasjement på tvers av de forskjellige kristne forsamlingene i Sirdal. Søskenringen har representanter fra de forskjellige kirkesamfunnene i Sirdal, samt organisasjonene på bedehuset.

Årsrapporten for 2004:

Dei som har møtt i Syskenringen i 2004 er:
Astrid Tjørhom- Filadelfia (Åsa Seland vara.)
Olav Heggdal- Filadelfia
Svein Sturla Tonstad (Bedehuset)
Ruth Lillian Hompland (Bedehuset, Egil Netland fram til våren)
Tore Haughom (Frikyrkja)
Ann Karin Sele (Baptistkyrkja)
Turid Skregeli- Soknerådet
Sigurd Flydal- Soknerådet
Per Sverre Kvinlaug- Leiar

Bønestund
I forbindelse med bøneveka for kristen eining, arrangerte Syskenringen ei bønestund torsdag 22. januar klokka 18.00 på Filadelfia.

Alpha-arbeid
Den 21.april blei det halde eit felles informasjonsmøte på bedehuset der tankar om å delta på Alpha-kurs til hausten blei drøfta. Her blei dei samde om å ta i bruk eit studiehefte som skulle motivere til å be med folk på Alpha-kurs. Fleire samtale/bibelgruppe i Tonstad-området tok dette i bruk. Fredag 17. september blei det halden ein Alpha-fest på Tonstad bedehus. Her var det middag og informasjon om det komande kurset. Godt og vel 50 deltok på middagen. (Bilete)

undefined

Sjølve kurset blei satt i gong i byrjinga av oktober. Samlingane blei haldt på Tonstadli ungdomssenter, kvar onsdag (10 stk) fram til byrjinga av desember. Omlag 30 personar medrekna leiarane deltok på kurset. Det blei nokre fine samvær.

”Minns du songen?”
Den kjende songaren og komponisten Gunstein Draugedalen og organist Mons Leidvin Takle, kjend frå talrike plateinnspelingar var i Sirdal 25. april.
Songkvelden fekk namnet ”Minns du songen?”.  Opplegget for kvelden var inspirert av programmet ”Minns du songen?” som har gått som ein farsott på svensk TV. Kjende og kjære songar fylde kyrkjeromma. . Det var godt frammøte. Mange sette pris på dette arrangementet.

Adventsamling
28. november var det adventssamling. Det starta som vanleg på Eliastunet med servering av julegløgg og tenning av julegrana, samt gang rundt treet. Etterpå var det samling i kyrkja der barnekoret, blandakoret og Sirdal musikkorps deltok. Sigurd Flydal haldt andakt, og song duett saman med Per Sverre Kvinlaug.

Midnattsmesse
31. desember. Midnattsmessa i Tonstad kyrkje på nyttårsaftan er også eit felleskristeleg arrangement. Dette året blei det teken opp offer til flomofra i Sør-aust Asia. Her kom det inn 5354,50.
-----------
Syskenringen er samla med jamne mellomrom på kyrkjesenteret. Koordinering og felle bønestund er faste innslag på møta.

Tonstad 28. januar 2005
Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)