Sirdal Kyrkje
Sirdal samla til eit kyrkjesokn

Sirdal samla til eit kyrkjesokn

Publisert: 7. Mars 2005
1. januar 2006 blir Sirdal samla til eit kyrkjesokn. Agder og Telemark bispedømmeråd har nå gitt si godkjenning til samanslåinga som tidligere er blitt vedtatt lokalt.

46 år etter at Øvre Sirdal og Tonstad blei slått saman til Sirdal kommune, får kyrkja den same geografiske inndelinga som kommunen.
Til hausten er det val på nytt sokneråd. Då skal folk vere med å velje kven som skal sitte i det nye sokneråd. Den noverande ordninga inneber at kvar av dei to sokna er representert i kyrkjeleg fellesåd. Fellesrådet har ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar, økonomistyring og opptrer som arbeidsgjevar på vegne av sokna. Det nye felles soknerådet skal vere både sokneråd og fellesråd lokalt. Dette blir ei enklare ordning. For å ivareta det lokale engasjementet i dei "gamle" sokna, vil det bli sett ned eigne gudsteneste- og arrangementsutval som har eit særskilt ansvar på Tonstad og i Øvre Sirdal.
Vi håpar og trur at nyordninga vil kunne gi ein ny giv i arbeidet i kyrkjelydane og at vi enda mer kan rette fokus på å drive kyrkjelydsarbeid.

Per Øistein Rogstad

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)