Sirdal Kyrkje
Misjonsjubileum på Tonstad

Misjonsjubileum på Tonstad

Publisert: 10. Mars 2005
Sundag 6. mars feira kvinneforeininga til Det norske Misonsselskap på Tonstad 70 år. Dagen blei markert med gudsteneste i kyrkje og misjonsfest på Kulturhuset.

Områdeleiar Sverre Jakobsen deltok på misjonsfesten. På bildet over gir han ei gåve til leiaren i jubileumsåret, Svanhild Jakobsen. Kvinnene i foreininga hadde pynta seg med klede som kunne vore brukt av dei som starta foreininga for 70 år sidan.

undefined

På kulturhuset blei det servert middag for heile familien. Store og små tok del i misjonsfesten. Lillian Flydal gav nokre humørfylte glimt frå foreininga si historie. Naturleg nok var det også tid for ein liten misjonsbasar på jubileumsfesten, og så den hadde eit preg frå historia med gevinstar som nok kunne vore med på ein tilsvarande basar i foreininga sine første år. Nokre av borna fekk lov til å vere med å dele ut gevinstane. Det blei ein flott misjonsfest til glede for dei som prioriterte den på den solrike marssundagen.

Per Øistein Rogstad

undefined

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)