Sirdal Kyrkje

Misjonærpar gjester Tonstad

Publisert: 30. Mars 2005
Fredag starter møtehelg på bedehuset med ekteparet Marit og Leif Thingbø. De har tidligere vært misjonærer i Kenya for Norsk luthersk misjonssamband.

Misjonærparet skal ha møter på bedehuset fra fredag til søndag. Fredag kveld starter møtet klokka 19.30, på lørdag kl. 20.00 og på søndag kl. 19.00, opplyser kontaktperson for NLM p åTonstad, Svein Sturla Tonstad. På lørdagskvelden blir det Åpent Hus for ungdommer etter møtet, men ungdommer oppfordres også til å komme på disse møtene. Misjonærene har vært vitne til en ungdomsvekkelse i Kenya og vil fortelle om dette på møtene. Marit Thingbø har også utgitt en bok som heter Ørkenblomster. Den handler om livshitorier fra Kenya. Boka og bilder fra misjonsmarken vil også være stikkord for denne møtehelgen på bedehuset.

Teksta nedenfor er hentet fra en artikkel i Stavanger Aftenblad, juli 2003:

Første gong i 1981
Misjonssambandet kom til Pokot, eit fjellområde ved grensa mot Uganda, for 25 år sidan. Ekteparet Thingbø reiste dit som misjonærar første gongen i 1981. Målgruppa er Pokot-folket, som tel 450.000 menneske.For 25 år sidan var 98 prosent av folket analfabetar. Mykje av misjonsarbeidet har gått på å læra opp kyrkjeleiarar, evangelistar og prestar.- Pokot-folket var dei absolutt unådde når det gjaldt kristendom. Samtidig var dei lengst bak i køen utviklingsmessig. Området var fram til 1970-talet svært lukka, befolka av konservative kvegfolk, seier Leif Thingbø.

200 nye kyrkjelydar
- Sidan starten, har me fått 200 kyrkjelydar. 12.000 menneske er døypte, og andre kyrkjer har komme inn i området med misjonærar. Me har dessutan bygd 50 folkeskular, som blir drivne av styresmaktene. Den unge kyrkja vår er nasjonalisert, og afrikanarane er i ferd med å ta over sjølve, seier Marit og Leif Thingbø. Ekteparet synest sjølve at arbeidet har vore svært givande.- Det er ein tæl i folket. Dei har utstråling, er gjestfrie og har ein vilje til å overleva som er ekstremt god, meiner Leif.

Nybrottsarbeid
Den siste treårsperioden paret har vore ute, har kompetansebygging innan kyrkja vore hovudoppgåva. I tillegg har dei sidan 2001 drive nybrottsarbeid blant pokotar i områda Kara Pokot, Baringo og Saboat og over grensa til Uganda. Marit har hatt kvinnearbeid som si primæroppgåve.- Eg reiser rundt i området og har langweekendar, der eg underviser om blant anna bibelkunnskap, etikk, helse og hygiene. Kvinnene er ofte føregangskvinner og er viktige for å betra levevilkåra for familiane, seier ho.Marit og Leif Thingbø blir verande heime i Sandnes dei neste to åra, til yngstemann av fem søner er ferdig med ungdomsskulen.

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)