Sirdal Kyrkje
Humla susar, det går mot varmare tider

Humla susar, det går mot varmare tider

Publisert: 20. April 2005
Ho klarte å forvirra seg inn på kontoret. Sjølv om vindauga stod såvidt på gløtt. Men å kome seg ut igjen, nei det var ikkje så enkelt.

Mange lengtar etter lysere tider. Vi ser fram til at det no skal byrje å spire og gro. Varmen kjem etterkvart sigande inn over oss, og gjev oss ei kjensle om at det no er vår og snart sommar. Også humla har kome seg ut av kulda. Litt forvirra endå, men likevel. I går ettermiddag fekk eg besøk av ei på kontoret. Vindauga stod såvidt open, men likevel klarte ho å kome seg inn. Flygeruta var sånn som den ofte er når desse summande insekta kjem seg inn i huset. Ein rask tur oppom lyset i taket, før dei tek sikte mot eit vindu. Slik gjorde også denne humla. I stor fart rett i vindauga, ned i karmen, opp att, fram og tilbake. Det hjalp då eg tok og opna vindauga litt meir. Då summa ho seg ut i det fri att. Glad og nøgd vil eg tru. Kanskje er ho på veg heim til deg? Bilet

Dag og Tid skreiv dette for ei stund sidan:

Humla stikk ikkje så ofte. Humla har eit anna lynne enn veps og bie har i genene. Humla har ein djupare og rundare summelyd i motoren enn det er i den veps og bie tek seg fram med, er seinare i snuen, og ikkje så nærsøken. Dermed er det lettare å verne seg mot humla, som flytter seg så godmodig ettertenksamt frå blomst til blomst at ein beint fram kan bli glad i denne skapnaden. Humlesurr høyrer sommaren til, men visst har humla ein giftbrodd. Det er eit forskrekkeleg forsvarsvåpen, og eit stikk kan svi verre enn det veps og bie kan prestere. Skulle så gale hende at ein blir stukken av ei humle, så er folkemedisinen den same som stikk av veps og bie.


Ein amerikansk forskar har granska humleflukt-problemet i fleire tiår. Med hjelp av høgfartskamera har han funne ut at humla slår 150-200 vengeslag i eit sekund. Samstundes vrir og vender ho vengene etter eit innfløkt mønster. Sjølv om dette skjer i kvart einaste vengeslag, ville ikkje dette åleine vere nok til å løfte humla det aller minste, men samstundes blir lufta sett i rørsle, og samanlagt har dette den verknaden at humla både kan løfte seg frå bakken og flyge. Den klumpete humla flyg rett nok ustøtt, men når ho flyg, så er det i samsvar med naturlovene, slår zoologen Charles Ellington i Cambridge fast. Dermed kan også andre insekt halde fram med å flyge som dei har gjort.

Korleis kan det ha seg at humleflukta var ei gåte så lenge? Det var fordi menneska i sitt overmot trudde at flygeproblemet var løyst då flyet var konstruert etter fuglevenge-prinsippet. Men naturen hadde pønska ut andre måtar å flyge på, og humla tok seg rett til å gjere det på ein litt innfløkt måte.

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)