Sirdal Kyrkje
Soknerådsvalet 2005

Soknerådsvalet 2005

Publisert: 28. April 2005
Til hausten blir det val av nytt sokneråd i Sirdal. For første gong skal det veljast eitt sokneråd for heile dalen. Det blir spennande å følgje korleis samanslåinga vil fungere. I tillegg til dette vil trusopplæring være den store saka i neste 4-årsperiode.

Nytt felles sokneråd og utfordringar knytt til trusopplæring, er to viktige saker det nye soknerådet får å arbeide med til hausten.
16. og 23. oktober er det klart for soknerådsval i Sirdal. Sokneråda har tatt til å arbeide med å finne fram til gode kandidatar til det nye soknerådet. 
Vi trur og håpar at dei som blir utfordra til å bli med i sokneråd eller eit utval, ser på dette som ein spennande oppgåve.
Frå neste soknerådsperiode er Tonstad og Øvre Sirdal historie. Det nye soknet skal heite Sirdal sokn. Det er eit mål å få mange gode kandidatar frå begge dei gamle sokna.
Det nye soknerådet vil både ha ansvaret for oppgåvene som fellesrådet har hatt og oppgåvene til sokneråda. For å avlaste rådet, blir det oppretta kyrkjelydsutval i begge dei gamle sokna. Desse utvala får praktiske oppgåver i samband med arrangement.
I tillegg vil bli oppretta eigne utval for dåpsopplæring og diakoni.

PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)