Sirdal Kyrkje
Ungdomskor på fellestur til Liseberg

Ungdomskor på fellestur til Liseberg

Publisert: 11. Mai 2005
Fredag i sist veke sette ungdomskoret i Sirdal og på Kvinlog kursen mot Göteborg. Høgdepunktet var Liseberg på laurdagen. På sundag vendte dei 34 deltakarene heim att, litt trøytte, men med godt humør!

Det mangla ikkje på det gode humøret då ungdommane frå Sirdal og Kvinlog reiste til Sverige i sit veke. Deltakarene var svært godt fornøyde etter turen, og det vil truleg bli meir samarbeid på tvers av kommunegrensa. – Vi planlegg å få til eit eller anna allereie til hausten, men kva, det er ikkje endeleg bestemt, røpar Liv Torhild K. Sindland og Per Sverre Kvinlaug. Dei dirigerar hendhaldsvis koret på Kvinlog og i Sirdal. – Alle tykkjer det er fint å kome saman på denne måten. Det er spanande og givande.

Fredags kvelden kom dei fram til Kärralund. Her var det leigt hytter. På kvelden var alle saman ute og åt. Dagen etter var det store reisemålet Liseberg. Før dette, var gruppa nede i byen på eit stort handlesenter. Etterkvart var det duka for diverse opplevingar i Liseberg. Dei fleste var både høgt og lågt denne dagen, medan andre tok det litt meir med ro! På kvelden var alle saman ute og åt pizza. Sundag morgon var det utsjekking, og kurs mot Kvinlog og Sirdal att. Under heile turen var det godt humør. Likevel var det nok godt å kome heim i eiga seng og leggje seg tidlig søndag kveld! Dirigentane rettar ein stor takk til alle turdeltakarane for ein kjempefin tur.

Turen ble støttet av midler fra LOS-fondet og SR-Banken i Sirdal. Vi takker for støtten!

Bilet frå turen

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)