Sirdal Kyrkje
Naturlostur på Øksendalsheia

Naturlostur på Øksendalsheia

Publisert: 22. Juni 2005
27 store og små med naturlos Tore Haughom på Øksendalsheia på sundag. Det blei ein flott tur i det fine sommarvêret.

Først var det familiegudsteneste i Haughom kapell. Deretter tok dei som ville turen opp på Øksendalsheia. Naturlos Tore Haughom fortalde levande undervegs om heieliv i tidlegare generasjonar. Om kor viktig heia var for livsgrunnlaget i grenda. På heia hadde mange støl, og enda fleire drog på heia for å slå gras til vinterberging av dyra. Over 50 løer skal det ha vore på Øksendalsheia. I tillegg var det nok dei som berre sette opp nokre stakkar for å berge vinterfôret på heia. Heia var også ei viktig ferdselsåre for folk i grenda. Folk gjekk frå Øksendal til Knaben på arbeid før og under krigen. Ikkje få giftemål kom i stand mellom øksendølar og fjotlendingar.
Av dei som var med på turen var det flest frå andre stadar i Vest-Agder. Det var folk både frå Holum, Lindesnes, Farsund. Kvinesdal og Sira. Turen var gjort gjennom Naturlos-brosjyra som sendast til alle husstandane i fylket. Det var tydeleg at  det kunne vere spennande med ein Sirdalstur i juni. Folk kosa seg i finvêret, og stemninga var god blant store og små. 

Sjå fleire bilet


PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)