Sirdal Kyrkje
Sommaropne kyrkjer i Sirdal

Sommaropne kyrkjer i Sirdal

Publisert: 12. Juli 2005
Sundag opna vegkyrkja i Kvævemoen for sesongen. Det er åttande året på rad at kapellet er ope for turistar. Det var ikkje så mange innom denne første dagen, men tysdag tok besøket seg opp noko.

Kvævemoen kapell er ope tysdag til laurdag frå kl 11-16 og sundagar kl 11-15.Vegfarande, hyttefolk og fastbuande er velkomen innom kapellet. Der kan ein få ei stille stund, tenne eit ljos eller få ein kaffiprat og ein prat med vegkyrkjeverten. Mange frivillige gjer ein stor innsats for at det skal vere mogleg å halde Kvævemoen kapell ope. Kanskje er det også nokre sirdølar som ikkje har vore innom i kapellet, då kan det vere eit godt høve no i sommar. Kapellet er ope fram til 5. august.
Tonstad kyrkje er også open i sommar. Onsdag, torsdag og fredag frå kl 12-14 er kyrkje open frå 13. juli til 5. august. Opningstida er tilpassa omvisinga i kraftstasjonen på Tonstad. Også i Tonstad kyrkje vil de vere ein vert til stades som kan fortelje litt om kyrkja.
Om lag 4000 har vore innom i Kvævemoen kapell i dei sju åra det har vore ope. Forutane nordmenn har det vore ein stor del danskar og tyskarar, men også mange  frå Nederland, Belgia, Frankrike og USA har gjesta kapellet.
PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)