Sirdal Kyrkje
Blandakoret syng Eidsvåg under Sirdalsdagane

Blandakoret syng Eidsvåg under Sirdalsdagane

Publisert: 26. August 2005
Sundag 4. september kl 11.00 er det klart for ny konsert med Tonstad Blandakor i Kvævemoen kapell. På programmet står songar av Bjørn Eidsvåg. Solist er Per Sverre Kvinlaug.

Da koret framførte det same programmet i Tonstad kyrkje i juni var om lag 200 til stede. Responsen var veldig bra frå publikum.

Blandakoret har gjennomført mange ulike konsertprosjekt dei seinare åra - frå latinamerikanske messer til songar av Lina Sandell. I år er det songar av den populære musikaren og presten frå Sauda, Bjørn Eidsvåg, som står på programmet.
Per Sverre Kvinlaug skal vere solist på konserten. Orkesterleiar er John Gunnar Akerø frå Stavanger, som ved mange av korets tidlegare konserter. Han har med seg tre musikarar til. På konserten vil det bli framført eit knippe av kjende og kan hende ikkje fullt så kjende songar frå Eidsvågs hand. Det vil bli ei blanding av kor og solistinnslag. Det blir også konsert i Fjotland kyrkje torsdag 29. september.
Det er sagt om solisten at han syng desse songane betre enn Eidsvåg sjølv, kom til Kvævemoen kapell og vurder denne meininga sjølv.

PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)