Sirdal Kyrkje
Hausttakkefestar i Sirdal

Hausttakkefestar i Sirdal

Publisert: 13. September 2005
Kyrkjelydane i Sirdal feira sundag hausttakkefestar med mykje folk tilstades. På Tonstad kom blant anna Fredrik (t.v)og Simen Mathias inn i prosesjon. Begge går i 1. klasse og fekk utdelt boka Tre i eit tre.

undefined

To hausttakkefestar på same dag, det har ikkje hendt så ofte i Sirdal. Det gjorde det på sundag. På føremiddagen på Tonstad, og i Øvre Sirdal om ettermiddagen.
På Tonstad fekk dei som fyller 6 år dette året og 5. klassingane utdelt bok.  6-åringane fekk boka Tre i eit tre. Femteklassingane fekk Nytestamentet. Kyrkja var pynta med noko av markens grøde som folk hadde teke med seg. Dette blei auksjonert ut på Stall Tjomlid etter gudstenesta. Der var både store og små samla til kyrkjekaffe. Auksjonen innbrakte vel 2300 kroner. Dei minste fekk høve til å ri på hestane.
I Kvævemoen kapell var det også det utdeling av Nytestamentet til 5. klassingane. Elevane deltok også her med tekstlesing under gudstenesta. I tillegg hadde elevane teikna på lysark som ble viste. Med det som kom inn på auksjonen på Tonstad, blir det nå sendt av gårde over 4500 kroner til Kirkens Nødhjelp. Eit flott resultat!

undefined 
Etter auksjonen på Kvæven

På begge festane deltok ungane med song. På Tonstad var barnekoret og Bone Vox med. Bone Vox som denne gongen blei leia av ny dirigent, Kristin Valle. I Øvre Sirdal glede Sing Bell dei frammøtte med song.

Bilete frå hausttakkefesten i Tonstad kyrkjelyd

Bilete frå hausttakkefest i Øvre Sirdal kyrkjelyd

 

Tekst og foto:
Per Sverre Kvinlaug

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)