Sirdal Kyrkje
Haughom kapell 75 år

Haughom kapell 75 år

Publisert: 1. Oktober 2005
Når folk frå øvre delen av Bakke skulle til kyrkje, måtte dei fara Sirdalsvatnet. Vinterstid var det mange gonger vanskeleg å koma fram. Isen var utrygg, dei sa då at vatnet var meinført, skriver artikkelforfatter Sven-Egil Testad.

undefined

Utafor Andreas A. Øksendal ( løytnanten) sitt hus, fremste rekkje frå
venstre : Lars Tobias Virak ( i Holå), Lars Skregeli ( Skibeli), O. T.
Dahl, P. A. Larsen Jødestøl, biskop Bernt Støylen, prost Ebbemoe,
Skullerud (seinare prost i Bakke), Reinert Ersdal, klokkar i Bakke,
Andreas A. Øksendal, lærar Jakob Risnes.
Står bak frå venstre: Smith-Øvland frå Fjotland, Sigurdson frå
Kvinesdal, Per Sæbø frå Sirdal.

Rundt 1915 vart det reist spørsmål om å utvida Bakke kyrkjegard, og då kom det også fram tanke om ein hjelpekyrkjegard på Øksendal eller Haughom. Soknerådet arbeidde for denne saka, og dei hadde alt då tanke
om å byggja eit kapell på Haughom. Tomt til kapell og gravplass fekk kommunen av Per Toresen Haughom.
15. desember 1917 vedtok så Bakke kommunestyre at det skulle anlegga hjelpekyrkjegard på Haughom. Dei meinte tomta var noko lita, og søre delen av den noverande tomta fekk dei av Sven P. Haughom. Ryddearbeidet
av gravplassen tok til. Mellom anna måtte dei flytta ein timreveg. Arbeidet var ferdig i 1919. 24. april 1920 løyvde Bakke herredstyre pengar til kjøp av ei klokke. Eit lite klokketårn vart reist, og gravplassen vart vigsla i 1920.
Folket i øvre del av bygda ynskte sterkt si eiga kyrkje, men Bakke kommune var i eit økonomisk uføre, og kunne ikkje løyva midlar til nytt kyrkjebygg. Det vart sett i gong privat pengeinnsamling. Det var lite pengar blant folk flest, men dei gav av det dei hadde. Det kom pengegåver frå andre bygder, og utflytta bygdefolk sende pengar frå
Amerika. Pådrivar i reisinga av kapellet var O. T. Dahl frå Øksendal. Kapellet kosta totalt kr 16000. Departementet løyvde kr 4000 og Bakke kommune kr 2000. Folk i krinsen gav såleis om lag ti tusen kroner. Omrekna til vår tid var det ein svær sum! 26. august 1929 vedtok Bakke herredstyre bygging av kapellet, og ved kgl. resolusjon av 14. februar 1930, vart oppføringa godkjent etter planane frå arkitekt John A. Søyland. Byggearbeidet vart sett bort til
Brødrene Fjogstad. Søndag 9. oktober 1930 vart så kapellet vigsla av biskop Bernt Støylen
saman med prosten og prestane i prostiet. Det var ei stor folkemengd på denne gudstenesta som varde i tre timar!
Lærar Jakob Risnes var klokkar, og Torkel A. Ovedal var ringar. Tonene frå klokka lydde så vent utover Sirdalsvatnet og forkynte at nå hadde grendene fått si eiga kyrkje.Gudstenesta vart ekstra høgtidsam då det også var barnedåp denne dagen, og fyrste dåpsbarnet i kapellet var Øystein Netland, f. 6. mai 1930. Søndag 14. juni 1959 vart altertavla avduka. Ho er laga av målaren Kåre Oijord og treskjeraren John Berge. Dette kunstverket var ein av hovudattraksjonane på Haustutstillinga 1958. Altertavla er ei gåve frå Tønnes B. Øksendal (busett i Tønsberg).I november 1987 fekk kapellet nytt fint orgel bygd av firmaet Reill frå Nederland.Folk i krinsen er så glade i kapellet sitt. Det ligg så fint med utsikt over Sirdalsvatnet. Så kan me også tenkja på at dette gudshuset er reist av folk som var takksame for bygda si, og som i ei
vanskeleg tid ofra både pengar og tid for noko dei hadde arbeidd for så lenge.

undefined

Fyrste bryllupet i kapellet, 15. september 1940. Brudeparet Ingeborg og Olav Testad.

undefined

Søndag 9. oktober 1930: Vigslinga av kapellet.

undefined

 Klokketårnet på gravplassen. Truleg 1922.

undefined

Haughom kapell ca 1950.

undefined

Bygginga av kapellet, sommaren 1930.

Sven-Egil Testad

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)