Sirdal Kyrkje
Historisk konfirmantpresentasjon

Historisk konfirmantpresentasjon

Publisert: 1. Oktober 2005
Aldri før har konfirmantane i Sirdal bitt presenterte i same kyrkje. Det skjedde i Tonstad kyrkje sundag 25. september.

I alt blei 17 konfirmantar presenterte under gudstenesta  i Tonstad kyrkje på sundag.
undefined

15 av dei høyrer til i Tonstad kyrkjelyd og to i Øvre Sirdal kyrkjelyd. Dei to jentene i frå Øvre Sirdal som i år er konfirmantar hadde lyst til å vere saman med dei andre under presentasjonen. Dermed skreiv dei lokal kyrkjehistorie, så langt vi kjenner til. Men det skal vere konfirmasjon begge stader.
Etter nyttår er konfirmantane også del i nok ei historisk hending. Då blir Øvre Sirdal sokn og Tonstad sokn slått saman.
Gudstenesta sundag føremiddag i Tonstad kyrkje peika på kjærleiken som eit sentralt ord i den kristne trua. - Gud elskar oss slik vi er, same korleis vi ser ut og kva vi har gjort, var noko av det sokneprest Sigurd Flydal var innom i preika. – I møte med Jesus er det kjærleik ved første blikk. Han møter oss ikkje med eit irriterande eller avvisande blikk, slo han fast.

undefined
Kent Seland tende lysa før gudstenesta.

undefined
Det var også dåp denne sundagen. Pappa Håvard Waldeland med lille Grete Sofie.

Tekst og foto: Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)