Sirdal Kyrkje
Stor fest for jubilanten i Haughom

Stor fest for jubilanten i Haughom

Publisert: 12. Oktober 2005
Sundag 9. oktober var det stor fest i Haughom kapell. 130 menneskjer deltok på festen for jubilanten Haughom kapell som fyller 75 år dette året.

Dagen var nøyaktig den same dato som innviinga var i 1930. Sundag 9. oktober 1930 vart  kapellet vigsla av biskop Bernt Støylen saman med prosten og prestane i prostiet. Det var ei stor folkemengd på denne gudstenesta som varde i tre timar! Gudstenesta 75 år etter varte ikkje så lenge, men reknar ein med festen på Øksendal skule etterpå, var det ikkje så stor skilnad. Biskop Olav Skjevesland og sokneprest Sigurd Flydal deltok under festgudstenesta. Ei barnekorgruppe og blandakoret hadde eigne songinnslag.
Etter gudstenesta fortsette dei frammøte festen på Øksendal skule. Her var det eit muntert tilbakeblikk på kapellets historie ved Tore Haughom. Innimellom den gode maten var det forskjellige som bidrog med helsingar og songinnslag.

undefined
På bilete ser vi Sven-Egil Testad og Tore Haughom med jubileumskaka. 

Bilete frå den store festdagen.

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)