Sirdal Kyrkje
Soknemøte i Sirdal

Soknemøte i Sirdal

Publisert: 10. November 2005
Sundag 20. november i Tonstad kyrkje og sundag 27. november i Kvævemoen kapell blir det soknemøte om nye tenesteordningar for prestar.

Tanken er at nyordninga skal vere på plass frå 1. januar 2006. Prestane skal ikkje lenger vere tilsett innafor eit prestegjeld som i dag, men i prostiet. Det vil si at alle prestane kan gjere teneste utafor "eige" prestegjeld, men i hovudsak skal prestane vere knytt til sine faste kyrkjelydar. I Sirdal vil soknepresten berre i spesielle høve tenestegjere utafor kommunen, ikkje minst på grunn av til dels store avstandar. Lister prosti som Sirdal er ein del av, er stort i utstrekning og omfattar også: Farsund, Lyngdal, Hægebostad, Kvinesdal og Flekkefjord.
For å ivareta den lokale forankringa i prestenesta ønskjer biskopen å dele inn prostiet i samarbeidsregionar. Sirdal og Kvinesdal er foreslått som ein region. Det vil i praksis bety at det er prestane frå Kvinesdal som har ansvaret for kyrkjelege handlingar i Sirdal dei vekene som soknepresten har fri. I særskilte høve vil også soknepresten i Sirdal, kunne gjere teneste i Kvinesdals kyrkjer.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)