Sirdal Kyrkje
-Takk skal du ha, Anna!

-Takk skal du ha, Anna!

Publisert: 6. Desember 2005
I over 20 år har Anna Fidjeland trofast vaska og stelt i Kvævemoen kapell. No ønskjer ho andre skal overta jobben.

På ei juletilstelning for dei tilsette og sokneråda i Sirdal, fekk Anna Fidjeland overrakt ein fin blomsteroppsats. Det var leiar for Sirdal kyrkjelege fellesråd, Aud Ingrid Fidjeland som gav henne blomstergruppa. - Tusen takk for at du har vaska og stelt så fint i kapellet for oss desse åra, sa Fidjeland i si helsing.

Elles vanka det blomar til dei tilsette, og dei som no slutta i soknerådet fekk utdelt kvart sin julelys. Det var Solbjørg Tjørhom som stod for denne utdelinga. Ho er leiar i Øvre Sirdal sokneråd. Ved årsskifte blir Øvre Sirdal og Tonstad sokneråd slått saman til Sirdal sokn.

Det blei også delt ut bibelleseplan.

psk

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)