Sirdal Kyrkje
Julekonsert med Tonstad Blandakor

Julekonsert med Tonstad Blandakor

Publisert: 15. Desember 2005
Onsdag 21. desember kl 19.30 innbyr Tonstad Blandakor til julekonsert i Tonstad kyrkje. På programmet står engelske "carols" og meir kjende julesongar.
Blandakoret går inn i den engelske tradisjonen med "Nine Lessons and Carols". Dette er ein tradisjon som kan førast tilbake til julaftan i 1880, til E.W. Benson som arrangerte ein enkel gudsteneste i ei lita trehytte i Truro i Cornwall. Gudstenesta var bygd opp rundt gamle tradisjonar og kjelder. Dei ni korte lesingane blei  lesne av menneske med ulik posisjon i kyrkjelyden, frå korsongarar til biskopen. Dette utvikla seg til ein sterk tradisjon i den engelske kyrkja.
Det er andre gongen koret bruker denne engelske tradisjonen ved julekonserten. Tradisjonen er fleksibel og kan ta opp i seg lokale tradisjonar. Derfor vil koret også framføre kjende songar som "Mitt hjerte alltid vanker" og "Deilig er jorden". Forsamlinga får også vere med på fellessong.
Forutan koret deltek Inge Sunde på trompet, Kristin Valle som songsolist og Ghislain Gourvennec på orgel. Blandakoret blir også forsterka av unge korsongarar som kjem heim på juleferie.
PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)