Sirdal Kyrkje
Familiesamling med mykje song

Familiesamling med mykje song

Publisert: 11. Januar 2006
På sundag kl. 16.00 er det familiesamling på Tonstad bedehus med mykje song. Barnkoret skal vere med, og det er dei saman med søndagsskulen som arrangerar denne samlinga.


Bilete: Emilie Omland Grimstad (8) var nyleg på Tonstad og song. Ho er solist på den nye cd-en som søndagsskulen og Lynor har gjeve ut (Alle mann på dekk). Her saman med Maren Flotve Birkeland under plateinnspelinga i Lynor i fjor sommar.      Foto: PSK

Både gamle og nye søndagsskulesongar skal framførast. Det har nyleg kome ut ein cd med songar skrevne av Ole Bjørn Reinertsen. Han er søndagsskulekonsulent i Vest Agder Søndagsskulekrets. I frå den cd'en har barnekoret plukka ut nokre songar som dei skal synge på sundag. Men det blir òg høve for andre å stemme i. Til songane er det òg nokre bevegelsar som ein tek sikte på å læra denne ettermiddagen. Det er søndagsskulen og barnekoret som innbyr heile familien til å kome på sundag. Me vonar det kjem mykje folk, oppmodar Hanne Fodstad og  Svein Sturla Tonstad. Dei lovar òg noko å bite i. Dei som vil kan kjøpe cd`en Alle mann på dekk denne sundagen. Elles er den òg å få kjøpt på kyrkjesenteret.

PSK

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)