Sirdal Kyrkje
Kyrkjepåske i Sirdal

Kyrkjepåske i Sirdal

Publisert: 31. Mars 2006
Så er det snart påske igjen. Sirdal får besøk av mange skituristar. Vi ønskjer alle velkomen til våre arrangement i kyrkjer og ute i terrenget.Påskeprest i Øvre Sirdal denne påska er Jeffrey Fred Huseby (bilete).

Som før har den lokale kyrkjelyden eit samarbeid med Stavanger bispedømme. Dei stiller med påskeprest til gudstenestene i Øvre Sirdal. Årets påskeprest heiter Jeffrey Fred Huseby. Han har også skrive andakten nedanfor.

Skjærtorsdag skal han ha andakt i Ålsheia skitrekk (Sirdalsløpet).  På kvelden då leiar han gudstenesta i Lunde kyrkje. Langfredag blir han med i Kvævemoen kapell kl. 19. Påskeaftan er det påskenattmesse kl. 23. Då deltek også påskepresten. Dei andre gudstenesta som skal vere i Sirdal sokn blir sokneprest Sigurd Flydal med på.

Påskepresten i år, Jeffrey Fred Huseby. Jeffrey har vore skolelagsprest, sjømannsprest og kyrkjelydsprest. For tida er han sokneprest i Strand sokn og prost i Søre Ryfylke prosti.

Endå fleire er med på andaktar no i påska rundt om i bygda.

Andaktar i påska:

Skjærtorsdag
Kl. 13.00 på Robestøl (Øksendalheia)
Andakt. Tore Haughom

Langfredag
Kl. 13.00 på
Kvinen Turiststasjon:
Andakt. S. Flydal

Påskeaftan
Kl. 11.00 i Josdal hyttegrend
Andakt: Anne Turid S. Garnica

Kl. 12.00 på Marestøl
Andakt: Tore Haughom

Kl. 14.00 på Kvæven bygdetun
Andakt: Laurits Bauge

Sjå elles oversikt over forskjellige arrangement på framsida på vår webside.

Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)