Sirdal Kyrkje
Over 50 sirdølar til Bykle

Over 50 sirdølar til Bykle

Publisert: 6. Juni 2006
Over 50 sirdølar blei med på kyrkjelydsturen til Bykle 2. pinsedag. Kyrkjelyden fekk dermed ta den nye kyrkja i Bykle nærare i augesyn. Kyrkja blei vigsla av biskop Olav Skjevesland i 2004.

I flott vårvêr valgte over 50 sirdølar å feire 2. pinsedag med kyrkjelydstur til Bykle. Nye kyrkjebygg er ikkje kvardagskost på Indre Agder. Kun eit fåtall har blitt vigsla etter krigen, deriblant Kvævemoen kapell i 1962. Bussen blei fylt opp til stor glede for arrangøren. Folk koste seg på turen over fjellet. Bak rattet satt Paul Helge Tjørhom som trygt førte kyrkjelyden fram og tilbake over fjellet. Framme i Bykle var det først gudsteneste i den nye kyrkja, deretter fekk gjestane matservering i kjellaren i det storslåtte Gudshuset.
Dei som ønskte det, fekk også høve til å ta ein titt på gamlekyrkja som er frå 1600-talet. Denne kyrkja er lita og ikkje tilpassa eit moderne kyrkjelyds- og gudstenesteliv. Bykle-folket har nå fått eit moderne kyrkjebygg som kan huse aktivitet for ulike aldersgrupper. Vi ønskjer Guds velsigning over nykyrkja, og håpar at den kan få bety mykje for mange folk i bygda.

undefined

Fotograf i Bykle var Sven-Egil Testad. Vi har også fått inn nokre bilete frå Signe Hansen. Du kan sjå fleire bilete frå turen her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)