Sirdal Kyrkje
Loddsalg for ungdomskortur til Paris

Loddsalg for ungdomskortur til Paris

Publisert: 29. Oktober 2006
Påska neste år reiser Sirdal ungdomskor saman med Kefas ungdomskor og Kvinlog ungdomskor til Paris. Her skal dei blant anna besøke Håpets senter som Sirdal kyrkjelyd støttar. I desse dagar får folk både i Kvinesdal og i Sirdal besøk av loddselgarar.

Ein reknar med at 70 ungdommar inkludert vaksne leiarar set seg på bussen som skal kjøre til Paris fredag 30. mars. Dei tre ungdomskora samarbeidar om denne turen. Kostnadane for turen er relativt høge, så ungdommane prøvar for tida å skaffe inntekter til turen. Eit av tiltaka er loddsalg. Kora skal ha radiosending på Radio Kvinesdal komande fredag, og då er alle som tek lodd med i trekninga om mange flotte gevinstar. Blant premiane er gavekort på 20 marsipankaker/bløtkaker. Næringslivet har sponsa kora med gevinstar. Det vil også bli fine premier i samband med konkurransar under sendinga. Sjølv om ikkje sirdølane kan få inn Radio Kvinesdal, vonar me at bygdefolket gjev ungdommane frå Sirdal og Kvinesdal eit handslag når loddseljarane kjem på døra. Dersom de av ein eller anna grunn ikkje får besøk på døra, blir det mogleg og ringe til Radio Kvinesdal under sendinga og ta lodd. Telefonnummeret er: 38358100. De kan ringe Radio Kvinesdal på fredag 3. november mellom klokka 21.00 og 23.00.

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)