Sirdal Kyrkje
Konfirmantjubileum

Konfirmantjubileum

Publisert: 23. November 2006
50-årskonfirmantane i Sirdal var samla i slutten av august. For første gang blei dei innbudt til eit spesielt opplegg berre for dei. Dagen starta med gudstenester i Tonstad kyrkje. Fem konfirmantar møtte fram for å mimre om konfirmanttide i 1956.

Soknerådet har drøfta om ein skulle lage til eit opplegg for 50-årskonfirmantane. I år ønskte ein å prøve med ein eigen samling for dei etter ei gudsteneste. Fem konfirmantar meldte seg på til arrangementet, og fleire meldte at dei hadde ønskt å vore med men at det ikkje passa denne dagen.

Etter gudstenesta reiste konfirmantane saman med Sigurd Flydal, og ektefellene som følgde med, til Kvæven kro for middag. Dagen blei avslutta på Sirdal Fjellmuseum der dei blei godt mottekne av Magnar Undheim. Konfirmantane så ut til å trivest i lag.

Kanskje kan dette bli ein mal for framtidige 50-årskonfirmantar. I år møtte 5 av i alt 11 gjenlevande opp. Ei av konfirmantane er busett i Amerika. Ut frå det må ein seie at oppslutninga var så god at dette bør ein halde fram med.

PØR

PS. Dersom nokon ønskjer bilete frå samlinga, kan de kontakt med Per Øistein Rogstad på Kyrkjesenteret.

Bilete frå samlinga finn du her:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)